Eg er ikkje sånn

By leeas

Vi møtest for å snakke ut, du og eg, på ein kafé på Grønland som ikkje finst lenger. Det går bra i noen månader. Så går det ikkje lenger. Eg ser deg ikkje igjen før eitt år seinare, frå trikken ein tidlig morgon du er på veg bortover fortauet med eit pappbeger frå 7-Eleven. Det er kaldt, mørkt, litt julepynt heng enno igjen i enkelte butikkvindu. Du blir borte igjen. Noen veker seinare finn eg tilfeldigvis ein mail frå deg da eg søker gjennom arkivet etter eit notat innehaldande ordet «engangslinser». Eg googlar deg og finn ut at du, heilt uventa, har fått publisert ein tekst i ein antologi. Tre dagar seinare er eg på biblioteket og låner den, men da eg kjem heim, forstår eg at det ikkje er du som har skrive teksten, bare ein annan som heiter det same som deg. Likevel er det som om eg kjenner meg igjen i den korte novella. Så lar eg boka ligge, glømmer den. Det blir varmare ute, og eg begynner å få purrebrev frå biblioteket. Dei hopar seg opp. Eg kvir meg for å gå og levere tilbake boka no, tenker på bibliotekaren som sitt bak skranken og at ho vil komme til å sjå på meg som ein som aldri leverer tilbake  ting, ein som bare tenker på seg sjølv heile tida, og eg er ikkje sånn, tenker eg. Eg er ikkje sånn.

Skriv et svar